søndag 14. mars 2010

Vesketjuv....

Idèen har eg stole frå svigerinna mi, Anette, og oppskrifta er stolen frå bloggen/nettbutikken "Strikk innom". Likevel følte eg at det vart litt mitt eige eksperiment.....Ein tek litt her og litt der og lagar det til sitt eige liksom...

Garnet som var brukt i den opprinnelege oppskrifta, måtte kjøpast/bestillast frå nettbutikken. Det heiter Bamboozle, frå Crystal Palace. Eg er ei utolmodig sjel og ville kome igang med det samme. Turen gjekk til Euro Pris, der eg fann garn og pinnar i passe størrelse.

OPPSKRIFT

Garn: Trysil Garn, Oda (EuroPris)

Pinnar: 5 og 5,5 (brukt her)

Mål: ca 17 cm høg og 19 brei.


Legg opp 23 m på p nr 5,5 og strikk 38 omg perlestrikk. Ta opp 19 m langs neste kant, deretter 23 m langs den andre kanten, og 19 m langs den tredje, til sammen blir det 84 m.

Strikk ca 10 cm ribbestrikk (1r, 1vr) og deretter ca 6 omg perlestrikk igjen.
Skift til pinne nr 5 og strikk ein omgong til med perlestrikk.
Hol til snor: strikk 6 m perlestrikk, 2 vr sammen, kast. Fortsett til du har 10 hol, og strikk perlestrikk ut omg. Strikk 2 omg perlestrikk og fell av.
Snora strikka eg slik: Legg opp 3 m på p nr 5. Istaden for å snu pinnen og starte i den enden tråden er, skal ein etter å ha strikka 3 m halde pinnen som før, men ta tråden på baksida av arbeidet/pinnen og starte på den første m igjen. Stram til mellom kvar omg slik at snora blir rund.
Snora kan også heklast (sjå den opprinnelege oppskrifta, http://garn.poppyfield.net/monstre/bamboozleveske.htm)



1 kommentar:

  1. Hei raserstrikker:) Bamboozel veska var no kjempe fin:) Kjempe fint i blanding av kvit å brunt:)Eg har ikkje kåma so lonkt enda.

    SvarSlett