mandag 22. mars 2010

Nydeleg skitur!

Idag har Nicholas, mormora og eg vore på skitur. Eg hadde egentlig håpa på det samme strålande vårvêret som igår (men då vart det trilletur og riding istaden for ski), men det var litt meir overskya idag. Vi var usikre på føret sida det var kaldt inatt, men når vi først "sukka" oss avgårde så fekk vi ein utruleg flott tur!
I starten hadde vi glatte ski, og etter råd frå min svoger, smurte vi med lilla. Det hjalp IKKJE. Så vi leita vidare i smøreveska, og fann ein raud det sto ei til minus ei grad på. DEN funka! Ganske stolte var vi av å ha ordna ut dette sjølv. Som avdanka skiløpar burde eg vel lære meg å smørje....iallefall no når eg har pulk. Tidlegare har det ikkje vore så ille å gå på glatte ski, men det vart litt tyngre og masete med ein pulk på slep. Kanskje eg burde skaffe meg fellar, men det fins vel ikkje smale nok til mine ski...? Får sjekke litt ut.Vi gjekk innover frå Krøvelseidet til Rotevassetra der vi har hytte. Nærmasat Eidet var det begynt å minke kraftig på snøen, og tendens til opne grøfter....så no må ein nytte kvar ei anledning til å kome seg på ski. Godt at snøen forsvinn altså, men hadde håpa på litt turar i påska.
Vi låste oss ikkje inn i hytta, men hadde ein kaffi&kvikklunsj-siesta før vi snudde heimover. Nicholas sov søtt i pulken heile vegen. (dessverre hadde eg ikkje batteri på kameraet....)
Og til slutt-GRATULERER MED 29 ÅRS DAGEN, KJÆRSTEN MIN

2 kommentarer:

  1. Hei:)

    Koseleg å lese ein oppdater blogg:)
    Det virkar som dokke hadde ein triveleg mandag,godt att det er vår i lufta:) Snille prinsen var då som sov heile turen:) Gratulerer med dagen Jan Ove eg har heilt gløymt dagen, kos dokke:)

    SvarSlett
  2. Kor kjekt det hørtes ut..
    Fellar er tingen Rigmor. Det må han Jan Ove kjøpe dej! ;)
    Me snakkast!!

    Vår klem

    SvarSlett