fredag 16. april 2010

Det føles så godt.....

...å endeleg ha fjerna det nokon andre burde ha fjerna for lenge sidan, eller som nokon andre aldri skulla kasta frå seg i naturen i første omgong. Eg snakkar om piggtråd-kveilen som den kjære katten min Sara gjekk seg inn i for eit år sidan, og leid stygt før eg fann ho død i skogen rett nedom huset vårt.

Vi melde frå til politiet om at det låg der, og dei ville kontakte eigar av området, sidan det ferdast både barn og andre dyr i skogen der, men det er altså ikkje blitt gjort noko med. Eg har vore så redd for at den nye katten vår skulle skade seg på same måte, for eg har sett at ho ferdast mykje der nede. Så idag når eg var ute og trilla Nicholas, såg eg at snøen hadde smelta slik at "styggedomen" var synleg att, så eg gjekk ned og tok den med meg. Kvar ein skal gjere av sånt har eg ikkje peiling på. Ikkje kan eg hive det frå meg nokon plass ute. Levere det nokon plass? Kvar i såfall? Grave det ned? Eg har iallefall putta det i ei pappkasse og teipa godt igjen. Så har eg iallefall god samvittighet for at ingen andre dyr, eller den kjære Melissa-pusen min ikkje lid same skjebne.

REST IN PEACE, SARA MI.

3 kommentarer:

  1. Forstår deg godt! Lever det på VØR :) Dei skal ta imot alt av avfall, også spesialavfall :)

    SvarSlett
  2. Så lurt at du tok affære! Eg ville ha levert det på trappa til eigaren...

    Vi snakkast vel i juni?? Vi tar turen i 70 års dag heile gjengen!

    SvarSlett
  3. Takk begge to! Ja, Solveig ï år SKAL vi få til å møtes. Å kor eg gledde meg i fjor, men så vart det ikkje noko ta. Kjekt at alle kjem, gler meg til å få treffe resten av klanen!

    SvarSlett