Veskene er strikka etter same oppskrift som den brune, anna enn at eg gløymde meg og strikka glattstrikk (kun rette masker) der det skal vere 1 r, 1 vr, altså etter at botnen er strikka og ein byrjar på sjølve veska. Men eg syns igrunn det vart finare, pluss at veskene vart "fastare" og betre å handtere. Då er altså begge deler prøvd, og om nokon av mine lesarar vil prøve, så veit de at begge måtane fungerer. Prøv dykk fram :)
Garnet og pinnane er det samme som sist, TrysilGarn, Oda, frå Europris, pinnar 5 og 5,5. For oppskrift, sjå under innlegget "Vesketjuv".
Botnen på veskene ser slik ut
Og veskene vart slik:
Ein sein kveld eg var litt "overtrøtt" fann eg elles ut at veska godt kan fungere som lue også (hihi).
Du er berre så flinke Rigmor:) No kan eg tenkje meg att Mariell og Hanna vart glade:) Får dei nydelege vesker:)
SvarSlettKor flink du e! :D
SvarSlett