torsdag 22. april 2010

Mykje fint...

Idag har vi drege mykje fint til hus....
Først var vi og henta pakke frå SparKjøp på posten. Den var stooor! Og inneheldt:
Eit stort antal smekker til Nicholas, flest av dei med armar på. No for tida er det nemleg på armane all maten som ikkje går i munnen havnar. Elles var der ei vår-hue, nokre strømpebukser med antiskli på både kne og under (som såg litt vel store ut...men vi får ha dei til seinare...guten skal jo bli stor!)....

...og-verktøysett til mor :) Eg er så lei av å ikkje finne verktøy når eg har tenkt å fikse noko. Men må sei at eg vart litt skuffa over kvaliteten her (men...kva trudde eg eigentleg eg fekk for 99 kr???) Eg kjem vel til å knuse verktøyet før eg får fiksa noko....sterk, veit dokke, hehe...Får gøyme det godt så ikkje han far tek det når han ikkje finn igjen sitt eige...

Og så bæremeis. Den var billig og....tja, verka faktisk ganske bra. Vi måtte teste i stova.

Nicholas syns sjølvsagt at innpakninga var mest spennande. Han kleiv på denne kassa resten av dagen.

Men han vart også veldig glad for pakke frå bokklubben med bok og dvd om Hinkel Pinkel. Han ser ikkje på tv enda, men har lånt Hinkel Pinkel-bamsen til Sander som syng og dansar, og kjenner igjen sangen når vi syng den. (og han får ein slik bamse til bursdagen, hysj-hysj.)Boka han fekk har knappar ein kan trykke på, så høyrer ein lydar frå serien.


På ettermiddagen var vi hos ei dame som søstra mi tipsa meg om. Ho (dama) dreiv ein barnekle-butikk før, og har no "restane" heime hos seg sjølv og sel det billig. Og ho vart altså redninga på matrosdress-problemet....sjå berre denne stramme matrosen her :




Hua høyrer ikkje til, men eg veit ikkje om eg får tak i ekte matroshue til så små...men om eg ikkje gjer det, var jo denne ganske søt også..

3 kommentarer:

  1. Så masse fiiin! E jo reine julafta når sånne pakkar kjem! Den pakken eg hadde laga klar, tar vi bare med når vi kjem oppover i juni. E litt forskjellig dill, så ser du kva du eventuelt vil ha av det! Ha ein fin dag. Her snør da!

    SvarSlett
  2. Kjekt å få pakkar :D

    Jammen veks gullet raskt, stor og kjekk gut :)

    SvarSlett
  3. Sakna dokke! :)

    Må ta å sosialisere oss neste veke. Satsar på godvèr! ;)

    Ditta verktøyskrinet var då berre snais! Rosa då! We like! Litt girlpower! Ta sakjene i eigne hender liksom! hihihi

    God klem frå oss ved elva!

    SvarSlett